Asia tek utfordringa!

Sist endret 24.10.2014 kl. 23:12

Det er dei siste dagane i juli, og ei gruppe på omlag femti menneske frå aust-asiatiske land er samla i Kuala Lumpur, for å motivera og inspirera kvarandre om korleis dei skal ta visjonen vidare!

Visjonen om kva? Arbeidsplassen. Arbeidet er noko meir enn berre å skaffa  seg levebrød, det er ein del av Skapar-oppdraget. Som kristne må vi flagga dette, både med å henta fram bibelmateriale og forkynna det, men ikkje minst for å gjera oss medvitne om at måten vi utfører arbeidet på er vår gudsteneste.

Fyrst av alt må dette forkynnast, og her var det sentrale personar frå fleire teologiske fakultet og bibelskular, alle svært høgt utdanna.

Her var businessfolk, som ser at om denne visjonen får gjennomsyra nasjonane, er det eit reiskap mot korrupsjon!  Dette er ei Skapar-forståing som også kommuniserer inn i islam.

Dette er visjonen som kan få fleire i arbeid. Alt ærleg arbeid, frå hushjelper til leiarar, har sin eigenverdi.

Høgt profilerte media-personar var med og let seg inspirere av korleis ein ut frå ein analyse av arbeidsutføringa, kan leia samtalen inn på ikkje berre etiske spørsmål, men også spørsmål om tru og livssyn.

Ei god gruppe Alpha-kurs-personar var også representert. Lunch-pausen blir brukt for undervisning av  kollegar. Dei hadde gode erfaringar og strategiar om å ta dette vidare.

For meg som norsk og velfora på innvendingar, var det ein augeopnar å verta tatt inn i tankegangen der kristne er ein minoritet. Arbeidsplassen er ei felles plattform, her har dei felles kunnskap og miljø dei kan byggja på.

Eg måtte ta meg i at eg tenkte: Korleis vil dei vinkla dette i å nå dei unådde folkeslaga? Det var jo desse dei representerte. Her var deltakar frå dei mest lukka land, som var helsearbeidarar og såg at gruppa av kristne vaks ut frå eit kvardags-vitnesbyrd på arbeidsplassen.

Aust-Asia-konsultasjonen var forankra i Lausanne-fellesskapet, og var også ei utprøving på å få til noko liknande på verdsbasis.

Konsultasjonen i Kuala Lumpur fekk ei direkte  oppfylging.  Ei stor samling av studentlagsvenner møttes nokre mil unna, ved  stranda i Port Dickson.

I 3 år hadde dei planlagt denne samlinga  for vel fire hundre deltakarar, også desse frå dei aust-asiatiske landa. Nyutdanna unge møttes her med eldre leiarar med erfaring, og mentor-grupper vert bygde opp. Her var god  undervisning med nye visjonar for arbeidsplassen, og presentasjon av  Jesus, i eit naturleg miljø.

For oss få frå Vesten vakte det ikkje berre inspirasjon om kva som har vakse fram på dette veldige kontinentet i vår levetid, men vi kjente også på ei sorg. Her i Noreg  hadde vi  også slike tider for vel ein generasjon sidan. Med stolte ord talar vi om Hans Nilsen Hauge, som ikkje berre forkynte, men skapte arbeidsplassar og bant det heile saman til visjonar og vekking. Kva gjorde vi galt, kvifor stoppa det opp?

Vi danna  organisasjonar og bygde institusjonar, kjempa for at det offentlege, for at skattepengane våre skulle brukast til sosial omsorg for alle, og feira når vi vann nytt land. Men kva var det vi gløymde?

Eg er redd for at vi oversåg pleia av enkelt-mennesket. Dei levande steinane forsvann i kolossen som reiste seg. Teologisk undervisning er for sterkt knytte opp til tradisjonelle institusjonar og bygg. Men framfor alt manglar viljen til å ta kvardagsarbeidaren med i undervisning. No spirer det likevel fram ei rørsle om å sjå den enkelte, maktar vi å utnytta den?

 

                                 Berit Helgøy Kloster

Tilbake